fredag 31. oktober 2008

Refleksjon og logg for GLSM

Refleksjonar

Denne GLSM-perioden har bydd på både undring, frustrasjon og latter. Oppgåver av denne typen har, som alt anna, både gode og dårlige sider. Når alt kjem til alt, sit eg likevel igjen med mange positive erfaingar.

I starten hadde me ein tanke om å knyte sjølve oppgåva opp mot enkelteleven og med læringsutbytte som fokus. Etter vegleiing (eg skriv vegleiing bevisst sidan eg meiner rettleiing er misvisande) med førelesarar frå HSH, var endra me meining. Grunnen for dette var at eit slikt fokus ville gitt eit mål som var vanskeleg å måle. Oppvåva vår vart derfor endra til å ha lærarfokus og med organisering som tema.

Gjennom prasisperioden i forkant av GLSM-prosjektet, laga me oss noke hypotesar kring klassane me hadde undervisinig i. No fekk me sjansen til å teste om desse hypotesane faktisk stemmer. Opplegget omfatta undervisning i to ulike klassar, som hadde ulikt elevtal. Me ville sjå nærare på organiseringa av undervisning slik at alle skulle få same mogleiken til å lære.

Heilt frå starten av perioden har eg hatt ei form for skrekkblanda fryd over opplegget. Erfaringane mine frå praksis sa at dette ville bli komplett kaos, med det som resultat at elevane mista fokus. Dette ser eg ikkje på som negativt – for me fekk sjansen til å prøve ut ei undervisningsform som både elevane og oss sjølve var relativt ukjend med i forhold til matematikk.

Utfallet vart likevel ikkje så ”ille” som eg frykta. I forhold til forskingsmetoden var eg ikkje til stades i klasserommet under sjølve økta, men skildriangane eg fekk både frå elevar og medstudentar gav eit positivt inntrykk. Viss eg likevel skal sei noke ord om læringsutbytte frå denne økta, er det litt som eg frykta. Elevane tok aktiviteten for det den var, men utan å kople den med fagstoffet. Grunnlaget for å sei dette er temmeleg tynt, men det kan virke slik.

Når det kjem til sjølve bearbeide- og skriveprosessen gjekk det for så vidt greitt. Jo fleire kokkar, jo meir søl er det noko som heiter og til ein viss grad kan nok dette stemme. På den andre sida kan ein ei jo fleire kokkar, jo større buffet og breiare erfaringsgrunnlag var fint å ha undr bearbeidinga.

Når bearbeidinga var gjort var der berre skrivinga som stod igjen. Under sjølve skriveprosessen var det stort sett berre formuleringar me var ueinige om. Sjølv om det her òg var tendensar til ”søl”, var denne delen mykje meir effektiv enn resten av oppgåva.

Avslutningsvis må eg sei at smilet sat laust då klokka slo 1400 på fredag. Gløymt var den ”vonde” tida like før kl 1400, då me oppdaga noko småplukk som ”måtte” vera med.

Logg

Dagane me har jobba har alle vore tilstades, så samt ikkje anna er særskild merka.

Veke 35 Infomøte med Gry

2. okt Møte med øvingslærarar på Langeland om tema og problemstilling

3. okt 1315-1345 – møte med øvingslærar, Gry og Birgit om tema og problemstilling

6. okt 0830-1400 – Prosjektplan – mål og problemstilling

7 okt 1230-1500 – Arbeid prosjektplan og pensumlitteratur

8. okt 1230-1500 – Arbeid prosjektplan + vegleiing Gry ang prosjektplan

9.okt 0830-1300 – Levert utkast prosjektplan

13.okt 1330-1500 – Møte med øvingslærar

14.okt 0830-1300 – Detaljplanagt gjennomføring+funne utstyr

15.okt 0815-1400 – Gjennomføring + litt refleksjon i etterkant

16.okt 0815-1430 – Gjennomføring 2 + refleksjon og drøfting i etterkant

21.okt 0830-1630 – Utkast prosjektrapport + vegleiing Gry

22.okt 0830-1500 – Ferdig prosjektrapport

23.okt 0830-1500 – Teori – arbeid kvar for oss

24.okt ”Heimearbeid teori”

27.okt 1230-1530 – Samkjøring teori

28.okt 0830-1445 – Ferdig teori

29.okt 0830-1700 – Ferdig metode + starta drøfting

30.okt 0830-1840 – Ferdig drøft + starta konklusjon

31.okt 0830-1330 – Ferdig konklusjon, korrekturlesing og redigering → ferdig rapport levert

Ingen kommentarer: